67°30′48″N 15°02′50″E / 67.513296°N 15.04715°E / 67.513296; 15.04715

Nevelsfjorden
fjord
Land  Noreg
Kart
Nevelsfjorden
67°32′10″N 15°08′17″E / 67.536°N 15.138°E / 67.536; 15.138

Nevelsfjorden er ein fjordarm av Sørfolda i Bodø kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 11 km sørvestover til Tverrbakkan i botn av fjorden.

Flyfoto av Kjerringøy frå aust. Fjorden nedst til venstre er Sjunkfjorden, ved innløpet av fjorden den spisse Skeistinden, til venstre på oversida Sjunkhatten. Bak desse mot venstre Nevelsfjorden, mot høgre frå denne Eidekjosen. Bak Eidekjosen ligg Eidetinden

Fjorden har innløp mellom Fornesodden i nord og Vindvikodden i sør. Den veglause garden Øygården ligg på nordsida like vest for Fornesodden. Like vest for Øygården går fjordarmen Eidekjosen nordvestover. Sør for innløpet til Eidekjosen, på austsida av fjorden, ligg garden Nevelen, som har gjeve namn til fjorden. Denne garden er òg utan vegsamband. Godt inne i fjorden ligg Nevelfjordstraumen, eit smalt sund mellom Straumsnes i aust og Øyjorda i vest. Her svingar fjorden rett vestover og inn til Tverrbakkan.