Sørfolda
Sørfolda (lulesamisk Oarjje-Fuolldá) er ein fjordarm av Folda i Sørfold og Bodø kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 36 km søraustover til Straumen i botn av fjorden, men inn til botn av fjordarmen Leirfjorden er lengda totalt 40 km.
Sørfolda | |||
fjord | |||
Den indre delen av Sørfolda med det gamle dagbrotet Hammarfall.
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Sørfolda 67°32′00″N 15°12′00″E / 67.5333°N 15.2°E |
Fjorden har innløp mellom Kansteinflåget i sørvest og Blinkskjeret på Prestmåsøya i nordaust. Grenda Tårnvika ligg på sørvestsida litt innanfor innløpet, medan Rørstad ligg på andre sida. Sør for Tårnvika går fjordarmen Nevelsfjorden sørvestover. Han har igjen Eidekjosen som sidefjord.
Litt lenger inn i fjorden går Sjunkfjorden sørover. Det ligg få busetnader langs denne delen av fjorden, men på nordsida, der Leirfjorden startar, ligg bygda Styrkesvik. På andre sida av fjorden ligg den gamle handelsstaden Røsvik med Røsvik kyrkje. Frå 1941 til 1966 gjekk det ferje over Sørfolda frå Røsvik til Bonåsjøen på nordsida av Leirfjorden.[1] På andre sida av fjorden, rett aust for Røsvik går den vesle fjordarmen Aspfjorden innover. Ved innløpet til Aspfjorden ligg grenda Øvre Kvarv. Vidare innover i fjorden ligg fleire grender og gardsbruk langs fjorden, hovudsakleg på vestsida.
Tørrfjorden er ein annan fjordarm som går austover. Han går innover til Trengselsundet og vidare som Nordfjorden. Inst i fjorden ligg tettstaden Straumen som er administrasjonssenter i Sørfold kommune. Her ligg òg Elkem Salten ved fjorden.
E6 går langs delar av austsida av Sørfolda. Andre vegar langs fjorden er Riksveg 826 på vestsida av den indre delen, Fv612 på nordsida ved Styrkesvik. Ytst i fjorden går Fv571 på sørvestsida inn til Tårnvika.