New York Philharmonic

The New York Philharmonic er eit symfoniorkester basert i New York i USA. Det er ein av dei eldste musikkinstitusjonane i USA og det eldste av dei såkalla Big Five, eller fem store orkestera i USA.[1] Orkesteret har tilhald i David Geffen Hall ved Lincoln Center for the Performing Arts i New York.[2]

Logoen til New York Philharmonic.

Orkesteret blei grunnlagd i 1842. Nokre av dirigentane det har hatt har vore Gustav Mahler, Arturo Toscanini, Leopold Stokowski og Leonard Bernstein.

I desember 2004 gav det sin 14 000. konsert.[3]

Kjelder endre

  1. Michael Walsh (25. april 1983). «Which U.S. Orchestras are Best?». Time. Arkivert frå originalen den 15. april 2008. Henta 26. mars 2008. 
  2. Smith, Jennifer (24. september 2015). «Lincoln Center Concert Hall Renamed for David Geffen». The Wall Street Journal. Arkivert frå originalen den 16. oktober 2015. Henta 11. oktober 2015. 
  3. «New York Philharmonic: A Distinguished History». Arkivert frå originalen 28. april 2007. Henta 9. april 2007.