New York University
New York University (NYU) er eit privat, ikkje-religiøst forskingsbasert universitet i New York i USA. Den største campusen ligg i Greenwich Village i Manhattan. Universitetet vart grunnlagt i 1831 av Albert Gallatin og ei gruppe prominente newyorkarar og er i dag det største private ikkje-kommersielle universitetet i USA. Det har også ei avdeling på Bedford Square i London, i bygningen som før var bustaden til Lord Chancellor i Storbritannia, 6 Bedford Square.
Dei 16 skulane og collega femner:
- College of Arts and Science (1831)
- Gallatin School of Individualized Study
- School of Social Work
- Steinhardt School of Culture, Education and Human Development
- Stern School of Business
- Tisch School of the Arts
- College of Dentistry
- College of Nursing
- Courant Institute of Mathematical Sciences
- Institute of Fine Arts
- School of Continuing and Professional Studies
- School of Law
- School of Medicine
- Graduate School of Arts and Science
- Wagner Graduate School of Public Service
Det var 40 870 studentar og 4 380 vitskapeleg tilsette ved NYU i 2006, og det same året var skulepengane US$ 33 420. Undervisninga vert gjeven opp til doktorgradsnivå.
NYU Library System, inkludert Bobst Library, hadde i 2006 4 939 724 titlar og var dermed det 34.største biblioteket i USA.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «New York University» frå Wikipedia på bokmål, den 10. oktober 2010.
- ↑ American Library Association Fact Sheet 22, World Almanac 2008 side 404.