Nicolai Nessa
Nicolai Nessa (27. mai 1902–1962) var ein mekanikar, vaktmeister, målar og fotograf frå Stavanger.
Nicolai Nessa | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 27. mai 1902 |
Død | |
Yrke | kunstmålar |
Nessa voks opp som fosterson til ein fabrikk-/hermetikkarbeidar i Stavanger. Han tok i 1922 eksamen som nest beste elev ved Stavanger tekniske aftenskole. Etter han gifta seg i 1929, budde han mange år på Boganes i Stavanger. Han arbeidde ei tid som mekanikar i firmaet Rydberg & Pettersson, seinare var han vaktmeister ved Salem i Stavanger.
I 1933 fekk Nessa vist ut ei kolteikning på Statens 50. Kunstutstilling, 1933.[1]
Nessa vart gravlagd på Hinna kyrkjegard i Stavanger.