Nicolas Thomas Baudin (17. februar 175416. september 1803) var ein fransk sjømann, kartograf og ekspedisjonsleiar, fødd på Île de Ré i Frankrike.

Portrett av Nicolas Baudin

Baudin var med i den franske handelsmarinen frå ungdomsåra. Han deltok sidan i den amerikanske revolusjonen på franske krigsfarty i Vestindia. Deretter var han skipper på farty i teneste for austerrikske naturforskarar. Desse åra lærte han sjølv mykje naturvitskap. Ut på 1790-talet var han leiar for ein fransk botanisk ekspedisjon til Vestindia.

I oktober 1800 fekk Baudin leiinga for ein fransk ekspedisjon, beståande av to skip, som skulle kartlegge Australia og granske dyre- og plantelivet. Botanikarane og zoologane fann kring 2 500 ukjende artar på ekspedisjonen, som også var innom Timor.

På heimferda døydde Baudin døydde av tuberkuloseMauritius i 1803, 49 år gammal.

Kjelder endre