Nicoline Berg Kaasin
Nicoline Berg Kaasin (fødd i 1989) er ein norsk songar og dansar.[1]
Nicoline Berg Kaasin | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1989 (35 år) Bærum kommune |
Yrke | songar, dansar |
I 2008 var ho med i konkurransen om hovudrolla i Grease på TVNorge, der ho kom på 2. plass.
I 2015 var ho med i TV2-programmet The Voice. Her imponerte ho alle dei 4 dommarane, som ynskte å jobbe vidare med ho. Ho valde til slutt Sondre Lerche som mentor.[2] Nicoline enda opp som finalist i konkurransen.[3]
I 2016 deltok ho i NRK sin Stjernekamp, der ho kom heilt til finalen. Ho enda på 2. plass, etter Knut Anders Sørum.
Berg Kaasin er éin av ti finalistar i den norske Melodi Grand Prix-finalen send på NRK 10. mars 2018.[4] Låten ho skal delta med heiter «Light Me Up», og er skriven av Berg Kaasin saman med Johan Larsson (OnklP & De Fjerne Slektningene) og Emilie Adams (The Stream).
År | Tittel |
---|---|
2016 | No Suitcase |
2016 | Real Life |
2017 | Znap |
2018 | Light Me Up |
2022 | Maskorama duet |
Referansar
endre- ↑ «Budstikka - – Føles som en drøm jeg snart våkner fra». www.budstikka.no (på norsk). 30. juni 2015.
- ↑ «Nicolines opptreden førte til stående applaus og mentorkrangling». TV 2 (på norsk).(no-nb)
- ↑ AS, TV 2. «Øyvind, Filip Bernard, Nicoline og Yvonne er The Voice-finalistene!». TV 2 (på norsk). Henta 6. januar 2018.
- ↑ NRK. «Her er artistene i MGP 2018». NRK (på norsk bokmål). Henta 15. januar 2018.