Night and Day av Cole Porter
«Night and Day» er ein popsong av Cole Porter. Han vart skriven i 1932 for musikalen Gay Divorce. Han er kanskje den mest populære songen til Porter i Great American Songbook og har blitt spelt inn av mange andre artistar.
«Night and Day» | |
Musikk av | Cole Porter |
---|---|
Publisert | 1932 |
Fred Astaire introduserte «Night and Day» på scenen og innspelinga hans av songen nådde toppen av singellista i USA. Han framført esongen på ny i 1934 i filmversjonen av showet, kalla The Gay Divorcee, og vart ein av signaturstykka hans.
Det finst fleire soger om korleis Porter fekk inspirasjon til songen. Ei nemner at han var inspirert av ei islamsk bøn då han vitja Marokko.[1] Ei anna soge seier at han var inspirert av den maurisk arkitekturen i Alcazar Hotel i Cleveland Heights i Ohio.[2]
Songen vart så sterkt knytt til Porter at då Hollywood først filma livssoga hans i 1946, fekk filmen namnet Night and Day.
Kjende innspelingar
endre«Night and Day» har blitt spelt inn mange gonger, mellom anna av Bing Crosby, Fred Astaire, Eartha Kitt, Bill Evans, Art Tatum, Billie Holiday, Frank Sinatra, Dionne Warwick, Ella Fitzgerald, Shirley Bassey, Sondre Lerche, Doris Day, Charlie Parker, Deanna Durbin, Jamie Cullum, Etta James, The Temptations og U2.
- Frank Sinatra spelte inn songen minst fem gonger, mellom anna med Axel Stordahl i den første soloinnspelinga hans i 1942 og igjen med Stordahl i 1947, med Nelson Riddle i 1956 for A Swingin' Affair!, med Don Costa i 1961 for Sinatra and Strings, og i ein discoversjon med Joe Beck i 1977. Då Harry James høyrde den då ukjende Sinatra synge songen, gav han Sinatra kontrakt.[3]
- Damia spelt inn ein av dei tidlegaste versjonane i 1933, på fransk, kalla «Tout le Jour, Toute la Nuit».
- Layton & Johnstone spelte inn songen i 1933 (Columbia FB 1218).
- Bing Crosby spelte inn songen i 1944.
- Dionne Warwick spelte songen i 1990 for albumet Dionne Warwick Sings Cole Porter.
- Eartha Kitt spelte inn songen i 1991, men han vart først gjeven ut i 2000 på albumet Thinking Jazz.
- Tony Bennett spelte inn songen i 1992 på hyllestalbumet for Frank Sinatra, Perfectly Frank.
- Shirley Bassey spelte inn songen i 1959 for albumet The Bewitching Miss Bassey.
- Doris Day spelte inn songen i 1958 for albumet Hooray for Hollywood.
- Ella Fitzgerald spelte inn songen i 1956 for Ella Fitzgerald Sings the Cole Porter Songbook.
- Tenorsakofonisten Joe Henderson spelte ein versjon av songen i 1965 på albumet Inner Urge.
- Allan Sherman spelte inn songen i 1965 på albumet Allan in Wonderland
- Tuxedomoon spelte songen i 1978 på EPen «No Tears».
- Everything But the Girl gav ut songen på den første singelen deira i 1983. Han nådde 92. plassen i Storbritannia i august 1982.[4]
- Songen vart spelt inn av Ringo Starr i 1970 for det første soloalbumet hans Sentimental Journey.[5]
- Phish har spelt songen på mange av konsertane sine.
- Songen vart spelt inn av U2 i 1990 og gjeven ut på samlealbumet Red Hot + Blue.
- Thomas Anders (frå Modern Talking) spelte inn sin versjon i 1997 på albumet Live Concert.
- Chicago spelte ein versjon i 1995 på Night & Day: Big Band.
- Rod Stewart spelte inn ein versjon i 2004 på albumet Stardust: The Great American Songbook 3.
- The Temptations spelte ein versjon som vart nytta i filmen What Women Want i 2000.
- Sérgio Mendes and Brasil '66 i 1967
- I 2004 vart ein versjon av «Night and Day» nytta i biografifilmen om Cole Porter, De-Lovely, sungen av John Barrowman og Kevin Kline.
- Songen vart spelt inn i 2005 av Sondre Lerche på albumet hans Duper Sessions.
- I 2007 vart han spelt inn av Bebel Gilberto i bossanovastil på albumet hennar Momento.
- Joe Hisaishi spelte inn songen med Lady Kim og New Japan Philharmonic World Dream Orchestra i 2005.[6]
- I 2009 spelte Mark Isham & Kate Ceberano ein versjon for albumet Bittersweet.
- Victor Borge spelte songen.
- Little River Band refererer til songen i songen sin «Reminiscing». Ei av linjene er «And the Porter tune/Made us dance across the room», medan korsongarane i bakgrunnen syng orda «Night and Day».
I populærkultur
endreI film:
- The Gay Divorcee (1934, sungen av Fred Astaire; dansa av Fred Astaire og Ginger Rogers)
- The Singing Marine (1937)
- Now, Voyager (1942)
- Action in the North Atlantic (1943, Julie Bishop, dubba av Martha Mears)
- Destination Tokyo (1943)
- The Hard Way (1943, instrumental)
- Reveille with Beverly (1943, Frank Sinatra)
- Lady on a Train (1945, Deanna Durbin)
- Night and Day (1946)
- Desk Set (1957, Katharine Hepburn)
- Evil under sola (1982)
- Once Upon a Time in America (1984)
- Radio Days (1987)
- September (1987, Art Tatum, Ben Webster, Red Callender, Bill Douglass)
- The Rocketeer (1991)
- Jumanji (1995)
- Le Jour et la nuit aka Day and Night (1997, Ella Fitzgerald)
- Dream for an Insomniac (1998, Frank Sinatra)
- The Life and Times of Hank Greenberg (1998, Fred Astaire)
- What Women Want (2000, The Temptations)
- De-Lovely (2004, John Barrowman, Kevin Kline)
- Den instrumentale versjonen er nytta i Wes Anderson sin Fantastic Mr. Fox (2009).
På scenen:
- Gay Divorce (1932, Fred Astaire)
- Gay Divorce (1933, Fred Astaire, Claire Luce) London
- Cole (1974, 1: instrumental, 2: Kenneth Nelson) London
- Happy New Year (1980, John McMartin, Michael Scott)
- A Swell Party (1991, Angela Richards) London revue
På fjernsyn:
- Ford Star Jubilee: You’re the Top (1956, George Chakiris, Sally Forrest) CBS.
- The Muppet Show (1981, The Mummies) Episode 112.
- Highlander (1995, Tamara Gorski)
- Friends (1997, Frank Sinatra)
- Chocolate com Pimenta (2003, Ella Fitzgerald, Buddy Bregman Orchestra) brasiliansk TV.
- The Cosby Show
- CSI: Crime Scene Investigation, sesong 15, episode 16.
I andre media:
- Songen er nemnt i Stephen King-novella «1408».
- Songen er nemnt i Little River Band-songen Reminiscing frå 1978.
- Songen er nytta i videospelet Grand Theft Auto IV på radiostasjonen JNR – Jazz Nation Radio 108.5
- Songen er med i videospelet Bioshock.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Night and Day (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 31. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://www.npr.org/2000/06/25/1075845/night-and-day
- ↑ «Cleveland Heights' Alcazar exudes exotic style and grace in any age». Cleveland Plan Dealer. Henta 31. oktober 2015.
- ↑ Gilliland, John (1994). Pop Chronicles the 40s: The Lively Story of Pop Music in the 40s (audiobook). ISBN 978-1-55935-147-8. OCLC 31611854. Tape 1, side A.
- ↑ «ChartArchive - The Chart Archive». Chartstats.com. Henta 17. oktober 2015.
- ↑ Miles, Barry (1998). The Beatles a Diary: An Intimate Day by Day History. London: Omnibus Press. ISBN 9780711963153.
- ↑ «VGMDB - UPCI-1036 - American in Paris». Henta "25. juni 2013".