Disco eller discomusikk er ei form for popmusikk som særleg er rekna for bruk i diskotek. Musikkforma oppstod i USA i 1970-åra. Stilen byggjer på soulmusikken frå 1960-åra.[1] Han er ofte kjenneteikna av ein «hjarteslagsrytme» med bruk av basstromme på kvart taktslag, latino-perkusjon, rik instrumententasjon og gjerne bruk av synth.[2]

Blant dei fremste discoutøvarane kan ein nemna Donna Summer, Gloria Gaynor og gruppene Bee Gees, Boney M, Chic, Jackson Five og Kool and the Gang. Innan disco er det også vanleg at ein produsent har ei viktig rolle, og hovudsakleg kan bruka anonyme studiomusikarar.[2]

Discomusikken gjekk tilbake i poplaritet sist på 1970-talet.[2] Han kulminerte med filmen Saturday Night Fever (1977), men element av han lever vidare i ein del av dance- og house-musikken frå 1980- og 1990-åra.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Disco», Store norske leksikon, 17. november 2011 
  2. 2,0 2,1 2,2 Bourne, Joyce, red. (21. mai 2013). «Disco». The Oxford Dictionary of Music (på engelsk) (Oxford University Press). ISBN 9780199578108. doi:10.1093/acref/9780199578108.001.0001/acref-9780199578108-e-10171. 
  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.