Nikša Kaleb
Nikša Kaleb (fødd 9. mars 1973) er ein kroatisk tidlegare handballspelar frå Metkovic. Han vart verdsmeister 2003 og olympisk meister 2004 med Kroatia sitt landslag. Våren 2000 tok han del i RK Metković sin triumf i EHF-cupen. Kaleb spelte i hovudsak venstrekant.
Nikša Kaleb | |
Statsborgarskap | Kroatia |
Fødd | 9. mars 1973 (51 år) Metković |
Idrett | handball |
Tok del i | Sommar-OL 2004 |
Landslagsspel
endreKaleb var del av det suksessrike Kroatia-laget som sigra i verdsmeisterskapen 2003 og dei olympiske leikane 2004, og sidan fekk sølvmedalje i såvel handball-VM 2005 som i handball-EM 2008. Frå 2001 til 2008 aksla Kaleb den kroatiske landslagstrøya 79 gongar og skåra 152 mål.
Klubbspel
endreKaleb var RK Metković-spelar frå han var 16 år gammal. Mellom anna vart han seriemeister med laget i 1994 og to gongar nasjonal cupmeister. I 2000 var han med på å vinne EHF-cupen. Året etter vart det tap i finalen i den same cupturneringa. I 2004 skifta Kaleb over til den sterkaste rivalen i kroatisk handball. Med RK Zagreb vann han både den kroatiske seriemeisterskapen og cupmeisterskapen i 2005, 2006, 2007 og 2008. Han la deretter opp.
Merittar
endre- Handball-VM 2001 for menn: Nr 9
- Handball-VM 2003 for menn: Gullmedalje, siger over Tyskland
- Handball-EM 2004 for menn: Nr 4
- Sommar-OL 2004: Gullmedalje, siger mot Tyskland
- Handball-VM 2005 for menn: Sølvmedalje, tap mot Spania
- Handball-VM 2007 for menn: Nr 5
- Handball-EM 2008 for menn: Sølvmedalje, tap mot Danmark
- Vinnar av EHF-cupen: 2000 for RK Metković
- Kroatisk seriemeister: 1994 for RK Metković
- Kroatisk cupmeister: 2000 og 2001 for RK Metković
- Kroatisk seriemeister: 2005, 2006, 2007, 2008 for RK Zagbreb
- Kroatisk cupmeister: 2005, 2006, 2007, 2008 for RK Zagbreb
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Nikša Kaleb» frå Wikipedia på tysk, den 13. oktober 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Nikša Kaleb» frå Wikipedia på engelsk, den 13. oktober 2023.