Handball-VM 2005 for menn

Verdsmeisterskapen i handball 2005 for menn vart avvikla i dagane frå 23. januar til 6. februar 2005 i Tunisia. Til saman 24 land deltok i turneringa. Spania sitt mannskap vann VM-gull for aller fyrste gong gjennom finaletriumf 40–34 over tittelforsvarar Kroatia. Finalen vart avvikla i byen Radès.

Finalen

endre

Spania leia 21–13 ved pause. Med heile åtte mål å gå på vart andreomgangen aldri spennande. Då dei tyske dommarane bles av kampen hadde dei spanske spelarane skåra 40 mål, og då gjorde det ingen skilnad at Kroatia skåra flest mål i den siste omgangen. 34 finalemål heldt berre til sølv for det detroniserte meisterlaget.

José Javier Hombrados vakta Spanias målbur det meste av kampen. Juanín García skåra 11 mål for meisterlaget, Alberto Entrerríos 7 mål, Mateo Garralda, Iker Romero og Rolando Uríos, alle 4 mål, Mariano Ortega og Chema Rodríguez, 3 mål kvar, Rubén Garabaya og Albert Rocas 2 skåringar kvar, Juancho Pérez 1 mål.

Med sine 7 nettkjenningar var Mirza Džomba Kroatias fremste avsluttar.

Kjelder

endre