Nikolaas Tinbergen
Nikolaas «Niko» Tinbergen (15. april 1907–21. desember 1988) var ein hollandsk åtferdsbiolog som delte Nobelprisen i medisin i 1973 med Karl von Frisch og Konrad Lorenz for framifrå forsking innanfor etologien. Han var ein pioner innanfor utviklinga av fagfeltet, og gjorde seg særleg merka med ein serie av gode felteksperiment. Han er òg kjend for dei fire spørsmåla sine, som han meinte var naudsynt å finna svar på for å forklara åtferdstrekk i ein organisme.
Nikolaas Tinbergen | |
Statsborgarskap | Kongeriket Nederlanda, Storbritannia |
Fødd | 15. april 1907 Haag |
Død |
21. desember 1988 (81 år) |
Yrke | biolog, zoolog, ornitolog, etolog, universitetslærar, fotograf |
Språk | engelsk, nederlandsk |
Medlem av | Royal Society, Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina, Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen, American Academy of Arts and Sciences, National Academy of Sciences |
Far | D. C. Tinbergen |
Nikolaas Tinbergen på Commons |