Opna hovudmenyen

Nikolaj Grigorjevitsj Rubinstein (14. juni 183523. mars 1881) var ein russisk-jødisk komponist, dirigent, pianist og musikkpedagog. Han var bror av Anton Rubinstein og stod Pjotr Tsjajkovskij svært nær.

Nikolaj Rubinstein
Nikolai Rubinstein 1872.jpg
Verkeleg namn Russisk skrift Николай Григорьевич Рубинштейн
Fødd 2. juni 1835 (juliansk)
Moskva
Død

11. mars 1881 (juliansk)
Paris

Yrke komponist, pianist, dirigent, musikar, musikkpedagog
Nikolaj Rubinstein på Commons
Nikolaj og Anton Rubinstein (1862)

Som broren Anton blei Nikolaj Rubinstein rekna til dei største pianistane i si tid, men da han stort sett berre var aktiv i og rundt Moskva, vekte han liten internasjonal merksemd. Læraren Siegfried Dehn heldt han for meir begava enn broren – noko Anton sa seg einig i.

I 1886 grunnla Nikolaj Rubinstein Konservatoriet i Moskva saman med fyrst Nikolaj Petrovitsj Trubetskoj. Nikolaj var ein ambisiøs lærar og til elevane hans reknast blant andre Sergej Tanejev, Aleksandr Siloti og Emil von Sauer.

Nikolaj sette relativt få spor etter seg som komponist, men fekk stor betydning som musikkpedagog.

Verk i utvalEndra

Klavermusikk
  • Étude caractéristique (1849)
  • Deux Mazurkas op. 11
  • Tarantella op. 14
  • Valse op. 16
  • Deux Feuillets d'albom

LitteraturEndra

  • A. Solovcov: Nikolai Rubinstein, Moskva 1946
  • V. Kiseljov (red.): Briefwechsel mit N. Rubinstein und M. Beljaev, Moskva 1956

BakgrunnsstoffEndra