Aleksander Iljitsj Siloti (9. oktober 18638. desember 1945) var ein russisk pianist, komponist og dirigent.

Aleksandr Siloti

Verkeleg namn russisk skrift Александр Ильич Зилоти
Statsborgarskap Det russiske imperiet, USA
Fødd 27. september 1863
Kharkiv, Znamenka
Død

8. desember 1945 (82 år)
New York by

Yrke komponist, pianist, dirigent, musikkpedagog, professor
Språk russisk, ukrainsk
Far Q109674837
Mor Q109674826
Ektefelle Vera Pavlovna Ziloti
Aleksandr Siloti på Commons
Aleksandr Siloti til venstre med Pjotr Tsjajkovskij

Han var søskenbarnet til Sergej Rakhmaninov.

Forfedrane til Siloti innvandra frå Italia til Russland ein gong på 1700-talet.

Siloti fekk først klaverundervising av Anton Rubinstein og studerte frå 1875 til 1881 ved konservatoriet i Moskva under Nikolaj Rubinstein, Pjotr Tsjajkovskij og Sergej Tanejev. Han hadde ein vellukka debut i 1880. I 1883-1886 var han elev av Franz Liszt i Weimar og hadde ei vellukka konsertreise i ulike tyske byar.

Han professor i klaver ved konservatoriet i Moskva i åra 1886-1890 og budde fram til 1900 i Frankfurt am Main, Antwerpen og Leipzig. Frå 1903, etter å ha dirigert Moskva Filharmoniske Symfonikonserter i to år, leda han fram til 1917 symfoni- og kammermusikkkonserter i St. Petersburg.

Siloti si rolle som ein leiande personlegdom innan det russiske musikklivet enda med oktoberrevolusjonen. Han og familien flykta til Finland, gjorde konsertreiser i Tyskland og England og emigrerte til slutt til USA. Der arbeidde han som konsertpianist fram til 1936 og underviste ved Juilliard School i New York i tida 1924-1942.

Kjelder

endre

Litteratur

endre

Bakgrunnsstoff

endre