Nils Hoel

norsk politikar

Nils Jacobsen Hoel (14. juli 181317. juli 1891) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Nes i Hedmark.

Nils Hoel
Fødd14. juli 1813
Død17. juli 1891 (78 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar

Hoel var son av Jacob Hoel og tok over storgarden Hovinsholm på Helgøya i 1848 etter far sin. Han var med i heradsstyret i Nes 1853-61, der i mellom fire år som ordførar.

Stortingsrepresentant frå Hedmark var Hoel både 1859-60, 1862-63 og på det overordentlege storting i 1864. På alle tingsamlingane var han medlem av Lagtinget. 1859-60 sat han i justiskomite nr 1, 1862-63 var han i konstitusjonskomiteen.

Han døydde på Rikshospitalet.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914