Nils Schjerven

norsk bonde og politikar

Nils Jakob Andreas Thisted Schjerven (3. september 188318. juni 1955) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Lardal i Vestfold, som representerte Vestfold fylke og partiet HøgreStortinget 1922-27 og 1931-45. Også sonen Rolf Schjerven var i si tid stortinsgrepresentant for Høgre.

Nils Schjerven
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. september 1883
Lardal kommune
Død

18. juni 1955 (71 år)

Yrke bonde, politikar
Politisk parti Høgre

Schjerven var son til ein gardbrukar. Etter eksamen frå mellomskule i 1899, arbeidde han på Thunes mek. Værksted i Kristiania i to års tid. Sidan gjekk han landbruksskulen på Fosnes i Stokke i Vestfold. I 1905 tok han eksamen ved Bergens tekniske skule, og var ingeniør til 1912. Han tok då over farsgarden Øvre Schjerven i Lardal, i tillegg til gardsdrifta sysla han med trelasthandel og tømmermerking.

Schjerven var ordførar i Lardal herad 1919-22 og 1928-31. Han var i si tid også formann i likningsnemnda og i fattigstyret i heradet. Elles var han både styremedlem og formann i Vestfold Skogselskap.

Hausten 1921 vart Schjerven vald til stortingsmann frå Vestfold. Sidan vart han attvald i 1924, men då Høgre tapte mange mandat ved Stortingsvalet 1927, vart han verande 1. varamann i perioden 1928-30. Derimot lukkast å verte vald inn på Stortinget både i 1930, 1933 og 1936, og hadde dermed tingsete til 1945. På Tinget hadde Schjerven plass i Skog- og vassdragskomiteen 1922-27, 1931-33 og 1937-45, som nestformann 1925-27 og 1931-33. Sesjonane 1935 og -36 var han medlem i Landbrukskomiteen. I 1945 vart han utpeikt til styreformann i Noregs Hypotekbank.

Kjelder endre