Nintendo Switch
Nintendo Switch er ein spelkonsoll utvikla av Nintendo. Konsollen var kjent under kodenamnet NX fram til avdukinga den 20. oktober 2016[2], og vart lansert internasjonalt den 3. mars 2017. Nintendo marknadsfører Switch som ein hybridmaskin: Han er primært designa som ein heimekonsoll, der hovudeininga kan plasserast i ein dokkingstasjon for å koplast til eit fjernsyn. Alternativt kan hovudeininga fjernast frå dokkingstasjonen og brukast som ein berbar spelemaskin eller leggjast oppreist på ei overflate, synleg for fleire spelarar.
Nintendo Switch | |||
Ein Nintendo Switch-konsoll plassert i dokking- stasjonen (over) og i handhalden konfigurasjon (under). | |||
Produsent | Nintendo | ||
---|---|---|---|
Type | Spelkonsoll | ||
Lansering | 3. mars 2017 | ||
Einingar selde | 103,54 millionar[1] | ||
Mestseljande spel | Mario Kart 8 Deluxe (43,35 millionar)[1] | ||
Forgjengar | Wii U | ||
Nettstad | www.nintendo.com/switch/ |
Nintendo Switch bruker trådlause Joy-Con-kontrollar, som har standardknappar, analoge kontrollstikker og registrering av rørsler og som kan gje tilbakemeldingar i form av vibrasjonar. Joy-Con kan festast på begge sidene av konsollen for å støtte handhalde spel, festast til eit tilbehøyr for å gje form som ein tradisjonell kontroll eller brukast individuelt i handa på same vis som Wii Remote og Nunchuk.
Nintendo har per 31. desember 2021 selt 103,54 millionar Nintendo Switch-konsollar. Dei fem spela til konsollen som har selt mest er Pokémon Sword / Shield (23,90 millionar), The Legend of Zelda: Breath of the Wild (25,80 millionar), Super Smash Bros. Ultimate (27,40 millionar), Animal Crossing: New Horizons (37,62 millionar) og Mario Kart 8 Deluxe (43,35 millionar).[1]
Referansar endre
- ↑ 1,0 1,1 1,2 «IR Information: Sales Data - Dedicated Video Game Sales Units». Nintendo. Henta 7. februar 2022.
- ↑ «NX is now Nintendo Switch, a portable console with detachable controllers» (på engelsk). Eurogamer. Henta 20. oktober 2016.