Super Mario Odyssey
Super Mario Odyssey er eit tredimensjonalt plattformspel som er utvikla av Nintendo EAD Tokyo til spelkonsollen Nintendo Switch. Spelet går føre seg i ulikt tematiserte opne verder som Mario kan utforske, på same vis som i Super Mario 64 til Nintendo 64 og Super Mario Sunshine til Nintendo GameCube. I Super Mario Odyssey kan Mario kaste hatten sin som ein bumerang. Hatten kan brukast som springbrett til å nå nye område, eller til å ta kontroll over andre figurar og objekt i spelet.[1] Super Mario Odyssey vart gjeve ut 27. oktober 2017.[1]
Super Mario Odyssey | |||
Utviklar(ar) | Nintendo EPD | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Nintendo | ||
Distributør | Nintendo eShop | ||
Produsent(ar) | Yoshiaki Koizumi | ||
Komponist(ar) | Naoto Kubo, Shiho Fujii, Koji Kondo | ||
Serie | Super Mario, Mario | ||
Siste versjon | 1.0.1, 1.1.0, 1.2.0, 1.3.0 | ||
Plattform(er) | Nintendo Switch | ||
Utgjeving | INT: 27. oktober 2017 | ||
Sjanger | Plattform | ||
Spelemodus | einspelar, samarbeid, fleirspelar | ||
Aldersgrense | PEGI 7 | ||
Nettstad | http://supermario.nintendo.com/ | ||
Del av serien Super Mario, Mario⠀ | |||
←Super Mario Run⠀ · Super Mario Maker 2→ |
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Mario kommer til Nintendo Switch i åpen verden-spill» (på norsk). Gamer.no. Henta 14. juni 2017.