Opna hovudmenyen

Nir Zidkyahu (fødd 1967 i Rishon Lezion i Israel) er ein israelsk trommeslagar. Han spelte trommer for Genesis i 1997 på delar av albumet deira Calling All Stations, og på den påfølgjande turneen deira i 1998.

Nir Zidkyahu
Fødd november 1967
Rishon LeZion
Yrke musikar

I 2001 spelte han trommer på gjennombrotsalbumet til John Mayer, Room for Squares. Sidan då har han spelt trommer for mange artistar, som Jason Mraz, Joss Stone, Alana Davis, Flaw og Chris Cornell.

Zidkyahu vart nytta av selskapet Toontrack til å spele inn trommesamplingar for det virtuelle trommeprogrammet deira.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra