Rishon LeZion eller Rishon LeZiyyon (hebraisk skrift רִאשׁוֹן לְצִיּוֹן) er den fjerde største byen i Israel. Han ligg sentralt på Den israelske kystsletta 8 km sør for Tel Aviv i Gush Dan storbyområde.

Rishon LeZion
Rishon LeZiyyon
רִאשׁוֹן לְצִיּוֹן
by
Rishon LeZion
Flagg
Våpenskjold
Namneopphav: Første til Sion
Land  Israel
Distrikt Sentral
Koordinatar 31°57′N 34°48′E / 31.950°N 34.800°E / 31.950; 34.800
Areal 58,7 km²
Folketal 235 123  (2012)[1]
Folketettleik 4 006 / km²
Grunnlagd 1882
 •  Bystatus 1950
Borgarmeister Dov Tzur
Kart
Rishon LeZion
31°57′N 34°48′E / 31.95°N 34.8°E / 31.95; 34.8
Kart som viser Rishon LeZion.
Kart som viser Rishon LeZion.
Kart som viser Rishon LeZion.
Wikimedia Commons: Rishon LeZion
Den originale Store synagoga og plassen.

Byen hadde eit folketal på 235 123 mot slutten av 2012.[1] Han vart grunnlagd i 1882 av ukrainske jødiske immigrantar, og var den andre jødiske gardsbusetnaden som vart grunnlagd i landområdet Israel på 1800-talet, etter Petah Tikva.

Etymologi

endre

Namnet Rishon LeZion kjem frå eit bibelvers: «Eg er den første som seier til Sion: 'Sjå, der er dei!' og sender gledebod til Jerusalem.» (Jesaja 41:27) og tyder bokstavleg «Første til Sion».

Historie

endre

Rishon LeZion vart grunnlagd den 31. juli 1882 av ti Hovevei Zion-pionerar frå Kharkiv i Ukraina (då ein del av Det russiske imperiet) leia av Zalman David Levontin. Reuven Yudalevich var òg medlem av gruppa. Pionerane kjøpte 3,38 kvadratkilometer med land søraust for dagens Tel Aviv, som var ein del av den arabiske landsbyen Ayun Kara.[2][3] Ayun Kara var åstad for eit blodig slag mellom tyrkiske og newzealandske soldatar den 14. november 1917.[4] Det vart reist eit minnesmerke i stein til minne om newzealendarane som fall den dagen, men dette er sidan blitt øydelagd.[5][6]

Pionerane møtte mange vanskar. Jordsmonnet var sandete, det var lite vatn og nybyggjarane hadde ikkje jordbrukserfaring. Etter det vart grave ein brunn, kom det fleire pionerar, biluar, og kolonien tok sakte form. Kjende medlemmar i denne gruppa var Fani Belkind, Israel Belkind, Shimshon Belkind, Yoel Drubin, dr. Haim Hissin og David Yudilovich. Då baron Edmond James de Rothschild tok over og sende inn administratorane sine, vart det gjort store framsteg innan jordbruket, med sitrus- og vindyrking. Med støtte frå Rotschild vart Carmel-Mizrahi vingard grunnlagd i 1886.

David Ben-Gurion leia arbeidarunionen ved vingarden før han seinare vart den første statsministeren i Israel. Den første hebraiske skulen i landet opna i Rishon LeZion i 1889.[7] Dov Lubman Haviv var lærar der og Mordechai Lubman Haviv var inspektør. Eliezer Ben-Yehuda, kjend som far til moderne hebraisk, var lærar i Rishon LeZion. I 1890 hadde Rishon LeZion eit folketal på 359. Fem år seinare hadde talet auka til 380, og i 1900 var det 526 innbyggjarar. I 1911 var det planta druer på eit fire tusen mål stort område og 254 mål med andre frukthagar.[8]

Utviklinga vart hindra av mangelen på vasskjelder. Baron Rothschild henta inn ekspertar som fann vatn 42 meter under bakken. Grunnvassnivået i området var ujamt og brunnane var mellom 20 og 25 meter djupe. Frukthagane vart så utvikla kring busetnaden, og seint i 1920-åra hadde byen utvikla ein blømande sitrusindustri.[8] I 1924 fekk området elektrisitet.[9]

Rishon fekk bystatus i 1950. I 1983 hadde han eit folketal på 103 000. I 2006 var folketalet 222 300. Innan 2020 er folkesetnaden venta å nå 315 000.[10]

Byen kan i framtida få ein ny internasjonal flyplass, som skal erstatte Ben-Gurion internasjonale lufthamn og Sde Dov Airport. Planane går mellom anna ut på å byggje flyplassen på ein platform 2 km utafor kysten av Rishon LeZion, med terminalane på land.[11]

Økonomi

endre
 
Superland moropark.

Hovudnæringane i Rishon LeZion er i dag vin, bygg og anlegg, handel og tenestesektoren. Fabrikkar og verkstader ligg i det gamle industriområdet som i dag har blitt eit populært område med pubar, klubbar og restaurantar. Industrien i byen er i stor grad delte inn i to industriområde: Det gamle i nord og det nye i vest.[10]

To store kjøpesenter i Rishon LeZion er Rothschild Sentral i sentrum av gamlebyen og Kenyon HaZahav.

Geografi

endre

Rishon LeZion ligg på Den israelske kystsletta ved Middelhavet og det nordlege Shephelah. Byen har varme, tørre somrar, og kjølige, våte vintrar.

Vêrdata for Rishon LeZion
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 17,8 18,4 21,3 25,9 27,9 29,2 30,6 30,5 28,8 25,2 20,1 18,5 24,5
Gjennomsnittleg min °C 7,7 7,9 9,5 12,5 15,7 18,1 20,6 19,8 17,3 12,2 9,4 8,2 13,2
Gjennomsnittleg nedbør mm 244,7 108,9 61,4 25,3 3,5 0 0 0 2,1 47,9 73,7 236,8 804,3
Kjelde: YR.NO[12]


Idrett

endre

I handball dominerer Hapoel Rishon LeZion og Maccabi Rishon LeZion handball-ligaen. Hapoel har vunne meir enn sju meisterskap og cupar på rad, med stjerner som målvakta Vladimir Zaikman og utespelarane Idan Maimon og Dudi Balsar. Den største rivalen, Maccabi, vann serien mot Hapoel i 2005/06.

I sjakk er Rishon LeZion Chess Club, som vart grunnlagd i 1939, ein av dei leiande klubbane i Israel. Israelske stormeistrar som Boris Alterman spelte for Rishon. Verdsmeisteren Garry Kasparov var tidlegare medlem av klubben.

Det største stadionet i Rishon LeZion er Haberfeld stadion med 6 000 sete. Her speler Hapoel Rishon LeZion, som i dag speler på det andre nivået i israelsk fotball, men har tidlegare spelt i den øvste divisjonen.

Basketball-laget Maccabi Rishon LeZion har lenge spelt på det øvste nivået i Israel. Dei spelar på Bet Maccabi Arena, som har plass til 2 500 tilskodarar.

Kjende innbyggjarar

endre

Venskapsbyar

endre

Rishon LeZion er venskapsby med:


Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta 12. april 2015. 
  2. «Historie of Rishon LeZion». Rishon LeZion kommune. Henta 4. februar 2014. [daud lenkje]
  3. «Definition of enhakkore». Onlinedictionary.datasegment.com. Henta 26. juni 2015. 
  4. «The slaget ved Ayun Kara, Palestina, 14. november 1917». Desert-column.phpbb3now.com. Henta 26. juni 2015. 
  5. «Haswell-Hugh-Gordon-World-War-I,-1914-1918». Auckland War Memorial Museum. Henta 26. juni 2015. 
  6. «Ayun Kara New Zealand Mounted Rifles». Nzmr.org. Henta 26. juni 2015. 
  7. «Early hebraiske schools in Eretz-Israel». Jewishvirtuallibrary.org. Henta 26. juni 2015. 
  8. 8,0 8,1 Karlinsky, Nahum; Greenwood, Naftali (2005). California Dreaming: Ideology, Society, and Technology i Citrus. SUNY Press. s. 54. ISBN 0-7914-6527-6. Henta 26. juni 2015. 
  9. Shamir, Ronen (2013). Current Flow: The Electrification of Palestina. Stanford University Press. ISBN 978-0804787062. 
  10. 10,0 10,1 «Municipality of Rishon LeZion Profile». Israel's Largest Enterprises 2008. Dun's 100. Henta 26. juni 2015. 
  11. Ido Efrati (1. september 2012). «Airport at sea, or castle i air?». Haaretz. Henta 4. februar 2014. 
  12. «Weather statistics for Rishon LeZion in Central Israel (Israel)». yr.no. Arkivert frå originalen 9. oktober 2012. Henta 1. september 2010. 
  13. «Miasta Partnerskie Lublina» [Lublin - Partnership Cities]. Urząd Miasta Lublin (på polsk). Arkivert frå originalen 16. januar 2013. Henta 7. august 2013. 
  14. «Lublin's Partner and Friend Cities: Rishon LeZion». The Municipality of Lublin City. oktober 1, 1992. Arkivert frå originalen 23. april 2009. Henta 26. juni 2015. 
  15. «Portrait of Münster: Die Partnerstädte». Stadt Münster. Arkivert frå originalen 9. mai 2013. Henta 7. august 2013. 
  16. Gilad, Moshe (6. september 2007). «Choose your family». Haaretz. Henta 4. februar 2014. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Reiseguide for Rishon LeZion frå Wikivoyage