Niscemi
kommune i Italia
Niscemi er ein by og ein kommune i provinsen Caltanissetta i regionen Sicilia i Italia. Kommunen har 28 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 96 km².
Byen Niscemi ligg 332 meter over havet, 88 km søraust for provinshovudstaden Caltanissetta. Folk arbeider hovudsakleg i landbruksnæringa og med industri.
Staden vart grunnlagd i 1626. Under eit jordskjelv i 1693 vart byen mykje skadd, men vart etterpå bygd oppatt på same staden.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Niscemi» frå Wikipedia på tysk, den 18. september 2014.