Caltanissetta

kommune i Italia

Caltanissetta (siciliansk Nissa eller Cartanissetta) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Caltanissetta i regionen Sicilia og har om lag 63 360 innbyggjarar. Han ligg i eit område med bølgjande åsar og mange små landsbyar. Elva Salso renn gjennom området.

Caltanissetta
by
Land  Italia
Region Sicilia
Provins Caltanissetta
Areal 421,25 km²
Folketal 58 532  (1. januar 2023)
Postnummer 93100
Retningsnummer 0934
Kart
Caltanissetta
37°29′29″N 14°03′45″E / 37.491472222222°N 14.062444444444°E / 37.491472222222; 14.062444444444
Wikimedia Commons: Caltanissetta
Domkyrkja i Caltanissetta

Historie

endre

Caltanissetta kan sporast tilbake til 406 fvt., då admiral Nicia av Hamilcar sin omleiringsstyrke frå Kartago oppretta eit fort på staden, seinare kalla Castra Nicia (Nicia fort).

I 829 evt. vart byen okkupert av sarasenarar. Likskapen mellom det kartagiske namnet og det arabiske ordet nissa (som tyder «kvinne») gjorde at sarasenarane kalla han Qalat al Nissa («Kvinnefortet»), som igjen har vorte omforma til det italienske Caltanissetta. Busetnaden vart erobra av normannarar i 1086. Staden fekk byrettar i samband med grev Roger Borsa sine store planar om å urbanisere Sicilia, og byplanen som vart laga er framleis synleg i dag.

Etter normannarane kom byen inn under Hohenstaufen, Anjou og til slutt Aragon, som gjorde byen til hovudstad i eit grevskap. Det var her Fredrik II av Sicilia vart erklært konge.

I 1406 vart Caltanissetta eit len for familien Moncada av Paternò, og ei lang nedgangstid starta. I 1539 byrja bygginga av domkyrkja og i 1566 vart ei kjend bru bygd over Salso. I denne perioden vart byen utvida utanfor bymurane sine og nye bydelar (Santa Flavia, San Rocco degli Zingari og San Francesco) vart oppretta.

8. juli 1718 gjekk piemontesiske troppar til åtak på byen og mange mista livet. I 1787 vitja Johann Wolfgang Goethe byen.

I 1813, etter 406 år, enda styret til Moncada-familien då det føydale systemet vart avskaffa og Caltanissetta vart det 22. Comarca på Sicilia. I 1819 vart han erklært provinshovudstad, men eitt år seinare vart han plyndra fordi han framleis var lojal mot Huset Bourbon. I 1844 vart byen òg bispesete.

I 1860 gjekk Giuseppe Garibaldi inn i byen i lag med Cesare Abba og Alexandre Dumas den eldre, og 22. oktober same året vart Caltanissetta ein del av Kongedømet Italia etter ei folkeavstemming.

Byen vart hardt råka under den andre verdskrigen.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Caltanissetta