Nissernes Ø er ein dansk tv-serie, den tredje tv-julekalenderen i serien om Nissebanden. Han blei sendt på DR for fyrste gong i 2003 og send opp att i 2008, 2017 og 2022.[1]

Nissernes Ø
Typefjernsynsserie
SjangerTv-julekalender
OpphavslandDanmark
Sesongar1
Episodar24
Lengd28 minutt
Språkdansk
ManusFlemming Jensen
RegiFlemming Jensen
KanalDR1

Julekalenderen føregår både i Holme-Olstrup i Danmark, på karibiske Sankt Croix og på Grønland.

Handling

endre

Handlinga i serien byggjer på salet av dei dansk-vestindiske øyane i 1917. Nissane frå mølla i Holme-Olstrup blir oppringde av dei gjenverande nissane på øyane, særleg øya Sankt Croix, der dei attgløymde nissane bur på eit fort.

Ein falsk julenisse som kallar seg for Santa har selt jula til rikmannen Fornøje- Frederik for å gjera nissane på Sankt Croix meir kjende. Men Fornøje-Frederik har andre planar. Storfangaren i Grønland har henta den magiske isdiamanten Hjertets Renhed frå gudinna Sedna, kalla «Havets Moder», men har gjeve han til Santa i staden for den verkelege Julenissen. Santa har dermed fått magiske krefter som han kan bruka til å lata som om han er den rette julemnissen. Men når Hjertets Renhed ikkje er hjå julenissen, vil fangstdyra, som er vikla inn i håret til Havets Moder, ikkje dukka opp slik at ein kan driva jakt på dei. så det er viktig at han blir bringa tilbake til Julemanden. Storfangaren dreg ut til kysten éin gong i året for å få Hjertets Renhed av Havets Moder og ta han med til julenissen, som har han i eit isskrin utanfor kongsgarden sin ved enden av Narhvalens Tand.

Den grønlandske myten om Sedna, eller havmora, er ei verkeleg soge frå grønlandsk mytologi. Sedna er gudinna for havet og dyra i det, og dyra i verda kjem frå håret hennar. Når fangsten går dårleg, må ein sjaman eller åndemanar reisa til henne og kjemma håret hennar så dyra kan viklast ut av det. Derfor er den magiske kammen i kjellaren under den hemmelege vassmølla til Nissebanden i Holme Olstrup òg eit viktig element i historia. Ved å ta denne kammen til Havets Moder kan ein få skapt ein nytt Hjertets Renhed i tilfelle diamanten blir øydelagd.

Medverkande

endre

Det var berre nissen Lunte (spelt av regissør Flemming Jensen) som var att frå dei to tidlegare kalenderseriane. Dei andre i den nye nissebanden er den islandske fitness-nissen Figur Figursson spelt av Søren Pilmark,[2] komfyrnissen Sugar spelt av Pia Rosenbaum, universitetsnissen Pyt spelt av Trine Gadeberg og calypsonissen Jo Jo spelt av Roger Matthisen. Den bananglade forretningsmannen Fornøje Frederik er spelt av Niels Olsen. Den lumske Santa eller Skrivernissen Günther er spelt av Jesper Christensen. Storfangaren blei spelt av Rasmus Lyberth, medan Kasáluk Qavigaq spelte kona hans.

Produksjon

endre

Serien er produsert for DR av Frontier Media A/S.[3] Alle scenar som er spelte inn utandørs i Vestindia blei filma på øya Sankt Croix, delvis på festninga Christiansværnsfort, som er den best bevarte av dei fem gjenverande danske festingane på dei dansk-vestindiske øyane, og i byen Christiansted, der festninga òg er, på Sankt Crox. Dei fleste av innandørsscenane frå øya blei spelte inn i Danmark, ofte i studio, med omsyn til tryggleik og heiten på øya.

Opphav

endre

Soga fanst i ein kortare versjon på sida Santa Claus of Greenland (santa.gl) frå 2001-2003 med tittelen «Lunte og sagen om den falske Julemand», utan forfattaropplysing. I denne soga opptrer Lunte, Jo-Jo, Mette Wuns, Julemanden, Rudolf og nokre grønlandske nissar som minnar litt om fortnissane. Pyt, Hr og Fru Fiffig-Jørgensen, Junior, Sugar, Figur Figurson, Vagtnissen Vagn, de øvrige fortnisser, Fornøje-Frederik, storfangaren med familie og åndemanaren blei lagt til seinare.

Sjølve ideen til ei juleforteljing om nissar som er blitt att på Sankt Croix i 1917, då danskane selde øya og drog heim, opptrer i Flemming Jensen si eiga bok frå 1997, De dansk vestindiske nisser - En julefortælling for voksne.

Kjelder

endre
  1. Nissernes Ø | Juleweb, hentet 28. oktober 2015
  2. Kastrup, Af Af Kim (6. august 2003), «Nisse-orgie i sommervarmen», ekstrabladet.dk (på dansk), henta 15. desember 2024 
  3. Nissernes Ø | Juleweb, hentet 28. oktober 2015