Niviaq Korneliussen

Niviaq Korneliussen (fødd 27. januar 1990) er ein grønlandsk forfattar.[1] Korneliussen er fødd i Nuuk og vaks opp i den sørgrønlandske byen Nanortalik.[2] Ho har studert samfunnsvitskap ved Grønlands Universitet i Nuuk, og psykologi ved Aarhus Universitet.[3]

Niviaq Korneliussen

Statsborgarskap Danmark
Fødd 27. januar 1990 (34 år)
Nuuk
Yrke skribent
Språk grønlandsk

Det første ho fekk publisert som forfattar var novella «San Francisco», som vart trykt i antologien Ung i Grønland — ung i Verden. Debutromanen var Homo sapienne frå 2014. Han hadde tema om LHBT og Grønland. Romanen var skriven på grønlandsk og omsett til dansk av forfattaren sjølv.[3] For romanen vart ho nominert til Nordisk Råds Litteraturpris 2015. Han har vore oppført som teaterstykke og er omsett til meir enn ti språk. [4]

Korneliussen gav ut romanen Blomsterdalen, på grønlandsk Naasuliardarpi, i 2020. Romanen handlar om sjølvmord mellom grønlandske unge. For denne vann ho Nordisk Råds litteraturpris i 2021.[5] Boka vart og nominert til Politikens Litteraturpris 2020 og Montanas Litteraturpris 2020.[6]

Bibliografi endre

  • HOMO sapienne - (2014)
  • Naasuliardarpi (Blomsterdalen) - 2020

Kjelder endre