Noel Valladares
Noel Eduardo Valladares Bonilla (fødd 3. mai 1977) er ein honduransk fotballspelar som spelar som keeper for Olimpia i den honduranske fotballigaen, og for det honduranske landslaget. Han kan òg spela som spiss. Han vart fødd i Comayagua i Comayagua-provinsen.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Noel Eduardo Valladares Bonilla | ||
Kallenamn | Papá Noel | ||
Fødd | 3. mai 1977 | ||
Fødestad | Comayagua | ||
Høgd | 179 cm | ||
Posisjon | Keeper | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Olimpia | ||
Nummer | 27 | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1997-04 2005- |
Motagua Olimpia |
68 (3) ? (0) | |
Landslag | |||
2000- | Honduras | 70 (0) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 2005 ‡ Landslagsmål oppdatert 8. oktober 2009 |
Den første klubben til Valladares var Motagua i hovudstaden Tegucigalpa, der han var med å vinna ligaen i Honduras. I 2005 gjekk han over til Olimpia, ein annan Tegucigalpa-klubb, der han òg har vore med å vinna fleire titlar og spela i internasjonale turneringar.
Valladares var keeper på det honduranske ungdomslandslaget som kvalifiserte seg til og deltok i sommar-OL 2000 i Sydney. Han var keeper på det honduranske A-landslaget under kvalifiseringsspelet til fotball-VM i 2002 og 2006, då Honduras ikkje kvalifiserte seg, og igjen under kvalifiseringa til fotball-VM i 2006, då Honduras kvalifiserte seg til å delta for første gong sidan 1982.
Kjelder
endre- Denne artikkelen vart starta basert på stoff frå spansk wikipedia 12. mars 2010.