Opna hovudmenyen

I biologien er nominatforma av ein art den underarten der det vitskaplege underartsnamnet er det same som artsnamnet. Til dømes har arten villkatt det vitskaplege namnet Felis silvestris, der Felis er slektsnamnet og silvestris artsnamnet. Nominatforma, underarten «europeisk villkatt», har det vitskaplege namnet Felis silvestris silvestris. Oftast vert den først skildra underarten av ein art nominatform.

KjelderEndra