Nord-Norges Skogsmannsforbund

Nord-Norges Skogsmannsforbund er ein organisasjon som har til formål å samle skogbruksutdanna funksjonærar i Nord-Noreg om felles interesser og faglege utfordringar for skogbruket i landsdelen. Organisasjonen samlar skogfunksjonærar til årsmøte, fagprogram og utferd kvart tredje år. Organisasjonen gjev òg støtte til opplysningsmateriell, bøker og anna som synleggjer skogbruket i Nord-Noreg.

På årsmøtet i 2008 vart tidlegare fylkesskogsjef Terje Dahl, Bardufoss, vald til leiar for perioden fram til 2015.

HistorieEndra

På ei skogbruksutstilling i Harstad i 1911 vart det vald ein komité som skulle førebu stiftinga av eit skogmannsforbund. Organisasjonen vart stifta på eit møte same stad 18.-21. mars 1912 under namnet «Tromsø stifts skogmandsforbund». Første formann var skoginspektør Einar Nilsen.

Skogmannsforbundet hadde sitt første årsmøte i 1919, på skogvoktargarden på Storjorda i Øvre Saltdal. Her møtte 36 av om lag 70 medlemmer. Neste møte vart halde i Alta i 1922, og sidan vart det med unntak av perioden 1940-1956 halde årsmøte kvart tredje år, vekslande mellom Nordland, Troms og Finnmark.

KjelderEndra

  • Arvid Sveli: Skogbruk i Nord-Norge - Streiftog gjennom historien Nord-Norges Skogmannsforbund 1987 ISBN 9034911-4
  • Ørnulf Kibsgaard; I tjeneste for skogen - Nord- Norges Skogsmannsforbund 1912-2012.2012. ISBN 978-82-303-2090-7

BakgrunnsstoffEndra