Nord-Varanger kommune

Nord-Varanger kommune er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Finnmark, opphavleg del av Vadsø formannskapsdistrikt. I tidlegare tider skilde ein mellom Vadsø kjøpstad og Vadsø landsokn, men i kommunal forstand var dei éi eining til 1. januar 1894 då landsoknet tok namnet Nord-Varanger og blei eigen kommune med 1296 innbyggjarar.

1. januar 1964 blei Nord-Varanger kommune slått saman med Vadsø til den nye Vadsø kommune. Nord-Varanger kommune hadde ved samanslåinga 1587 innbyggjarar.

Folketalsutvikling endre

Folketalsutvikling for tidlegare Nord-Varanger kommune frå 1894 til 1964:

1.1.1894 1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3] 1.1.1961[3] 1.1.1964
1296 1434 1696 1945 1820 1648 1587

Fotnotar endre

  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 Folkemengd i Nord-Varanger 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå