Norderney er ei av dei sju busette austfrisiske øyane i Nordsjøen utanfor kysten av Tyskland, og ein kommune i landkreis Aurich i Niedersachsen.

Norderney
Geografi
Stad Vadehavet i Nordsjøen
Koordinatar 53°42′26″N 07°08′49″E / 53.70722°N 7.14694°E / 53.70722; 7.14694
Øygruppe Dei austfrisiske øyane

Areal 26,3 km²

Administrasjon
Land Tyskland
Delstatar
Landkreis
Niedersachsen
Aurich

Demografi
Folketal 6 200 (2006)
Folketettleik 236 /km²

Øya er 14 km lang og om lag 2,5 km brei, har eit totalt areal på 26,4 km², og er med det den tiande største øya i Tyskland. Norderney har om lag 6 200 innbyggjarar: I 1946 fekk Norderney kommunestatus. På nordsida av øya ligg det ei 14 km lang strand.

Naboøya i aust er Baltrum, som ligg 800 meter borte. 3 km mot vest ligg Juist.

Heile den austlege halvdelen av Norderney høyrer til Wattenmeer nasjonalpark. Det er avgrensa tilgang til for å verne dyrelivet.

Frå Norderney er det ferjesamband til byen Norden på fastlandet. Norderney har òg ein flyplass med ei 1 000 meter lang rullebane.

Historie endre

Norderney er den yngste av dei sju austfrisiske øyane med busetnad. Øya har berre eksistert slik ho er i dag sidan midten av 1500-talet, og er den austlege resten av den større øya Buise. Buise vart delt i to under flaumen Grote Mandrenke i 1362. Den austlege halvdelen vart først kalla Ostrende. Det som var igjen av Buise forsvann gradvis gjennom åra og vart til slutt borte i Nordsjøen under Petriflaumen i 1651. Ostrende voks derimot og vart under ei folketejling i 1550 kalla Norder neys Oog (Nordleg ny øy), og hadde ei kyrkje og 18 hus. Innbyggjarane på denne tida var hovudsakleg fiskarar. På den andre halvdelen av 1700-talet var sjøhandel ein viktigare industri, og etter kvart vart òg turisme ein viktig del av økonomien på øya. I 1797 vart Norderney den første tyske feriestaden ved Nordsjøen.

Ymse endre

Kjelde endre