Nordfjorden i Gildeskål

Koordinatar: 67°6′43.463″N 14°14′59.834″E

Nordfjorden er ein fjord i Gildeskål kommune i Nordland. Fjorden er ei fortsetjing av Beiarkjeften, ein fjordarm av Saltfjorden, og ligg på austsida av Sandhornøya. Fjorden strekkjer seg 8 km sørover til Røssnesodden i botn av fjorden. Sør for Røssnesodden går Holmsundfjorden vidare sørover, medan Beiarfjorden går austover.

Flyfoto av Beiarfjorden og Sandhornøya. Nordenden av Nordfjorden frå høgre mot venstre litt over midten av biletet.
Foto: Erlend Bjørtvedt

Fjorden har innløp mellom Mulnesodden i vest og Rønneset i aust. På vestsida av fjorden ligg bygdene Ertenvåg og Nygård.

Fv474 ligg på austsida av fjorden, medan Fv472 går på vestsida.