Nordhordland folkehøgskule

Koordinatar: 60°30′54″N 5°14′27″E

Nordhordland folkehøgskule er ein kristen folkehøgskule som ligg i på Frekhaug i Meland kommune i Vestland fylke. Skulen tar imot om lag 175 elevar i året og er den største folkehøgskulen i Noreg etter elevtal. Nordhordland folkehøgskule vart skipa i 1914 og er eigd av Nordhordland indremisjon. Utanom skuleåret driv Nordhordland folkehøgskule med catering, kurs og utleige av lokale.

Nordhordland folkehøgskule
SkuletypeFolkehøgskule
Grunnlagt1914
FylkeVEstland
KommuneMeland
TettstadFrekhaug
AdresseHoltermandsvegen, 5918 Frekhaug
RektorJan Inge Wiig Andersen
EigarNordhordland Indremisjon

Skulen har symjehall, idrettshall, sandvollyballbane, fotballbane og turløyper i terrenget omkring skuleområdet. Alle linjefaga drar på ein tur til utlandet i løpet av skuleåret. I tillegg tilbyr skulen ein studietur på 3 veker til Israel for alle elevane.

Linjefag ved skulen i 2015:Endra

  • Dans
  • eXercise
  • Fotball
  • FotoGlobal
  • Global Active
  • Global Care
  • Global eXtreme
  • Global Helse
  • Mission Global
  • Musikal
  • Musikk
  • Sport & Outdoor

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra