Nordic Voices
Nordic Voices er ein norsk vokalsekstett som vart starta i mai 1996. Ensemblet består av seks medlemer med utdanning frå Norges musikkhøgskole og Statens operahøgskole. Repertoaret spenner frå gregoriansk song til nyare og moderne klassisk musikk. I tillegg til konsertar i Noreg, har koret turnert og opptrådt i ei rekkje land, m.a. USA, Taiwan, Japan, Sør-Afrika og fleire europeiske land. I 2007 gav dei ut albumet Reges Terrae med musikk frå 1500-talet spelt inn i mellomalderbasilikaen Ringsaker kyrkje i Hedmark.
Nordic Voices | |||
![]() | |||
Opphav | Noreg | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1996– | ||
Sjanger | Korsong | ||
Plateselskap | JDR, Chandos, Aurora | ||
Medlemmer | Tone E. Braaten, sopran Ingrid Hanken, sopran Ebba Rydh mezzosopran Per Kristian Amundrød, tenor Frank Havrøy, baryton/ tenor Trond Olav Reinholdtsen, bass Njål Sparbo, substitutt | ||
Tidlegare medlemmer | Marianne Beate Kielland |
Utmerkingar
endre- Dei vart nominerte til Spellemannprisen 2007 i klassen klassisk musikk for Reges Terrae.
- Fartein Valen-prisen i 2008.
- Gammleng-prisen i 2010 i klassen kunstmusikk.
Diskografi
endre- Sense & nonSense (JDR, 2001)
- Reges Terrae (Chandos, 2007)
- Djonki don (Aurora, 2008)
Kjelder
endre- Denne artikkelen er basert på wikipedia sin artikkel om Nordic Voices på bokmål.
- Nordic Voices si heimeside
- Store Norske Leksikon om Nordic Voices