Nordisk institutt for teoretisk atomfysikk

Nordisk institutt for teoretisk atomfysikk eller NORDITA er eit forskingsinstitutt for teoretisk atom- og kjernefysikk.

Hovudbygningen til AlbaNova, der NORDITA ligg i dag

Det vart skipa i 1957 av Niels Bohr og den svenske ministeren Torsten Gustafsson som ein fellesorganisasjon for dei fem landa i Norden med hovudkontor i København, der det er nært knytt Niels Bohr Institutet. NORDITA kom til som følgje av eit svensk initiativ i 1953, men på grunn av det europeiske samarbeidsprosjektet CERN, som først hadde den teoretiske avdelinga si i København, vart planen om NORDITA utsett. Prosjektet vart teke opp att då CERN vart flytta til Sveits i 1957 og har sidan fått økonomisk støtte gjennom Nordisk råd.

NORDITA vart hausten 2006 flytta til Stockholm og ligg i dag ved AlbaNova universitetssenter.

Hovudforskingsområdet til NORDITA er i dag astrofysikk, biofysikk, kondensert fase-fysikk og partikkelfysikk.

Kjelder endre