Nordkappbanken

Nordkappbanken er eit bankområde og fiskefelt utanfor Finnmark. Banken strekker seg i vest frå nord for Sørøya, i aust frå områda nord for Berlevåg og i nord i opptil 120 nautiske mil av Slettnes. Fiskebanken smalnar av mot vest og dreiar til sist i sørvestleg retning og går over i Hjelmsøybanken.

Nordkappbanken er kjend som er rik fiskebanke, med årleg store fangstar av torsk og dessutan av sei og hyse. Frå 1960-åra og inn på 1980-talet var det svære fiskeri av kolmule på Nordkappbanken. Fiskjet føregår både med trål, liner og med snurpenot.

KjelderEndra

  • Store norske leksikon, 8. bandet