69°55′00″N 20°10′30″E / 69.91667°N 20.17500°E / 69.91667; 20.17500 Nordlenangen er ein fjordarm av Ullsfjorden i Lyngen kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 10 km sørover til Nordlenangsbotn og går parallelt til Ullsfjorden.

Fjorden har innløp mellom Nordlenangsneset i vest og Russelvneset i aust. Nygårdstranda er ei bygd på vestsida av fjorden og tvers over på andre sida ligg bygda Nord-Lenangen. Straumen er ei grend ligg sør for Nygårdstranda. Her smalnar fjorden inn og den inste delen av fjorden vert frå her berre kalla Straumen. Her kryssar òg Fv312 fjorden.