Den geografiske nordpolen ligg på 90 grader nordleg breidde og er det eine av dei to punkta (den geografiske nordpolen og Sørpolen), som jorda roterer rundt. På grunn av variasjonar i jordaksen varierer nordpolpunktet litt heile tida.

Nordpolen i midten av eit kart som viser Nordishavet og Arktis.

Det som er den magnetiske nordpolen ligg no (2003) på 78°18' nord, 104° vest, nær Ellef Ringnes' øy, ei av Queen Elizabeth-øyane i Canada og flytter seg heile tida. Sjølv om han vert kalla nordpolen er han faktisk ein magnetisk sørpol og difor tiltrekkjer den seg nordpolen på ein magnet, slik som i eit kompass.

Bakgrunnsstoff endre