Nordre Mylva (russisk Северная Мылва - Severnaja Mylva) er ei elv i Republikken Komi i Russland og ei av sideelvane til Petsjora frå venstre.

Nordre Mylva
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 5 970 km²
Lengd 213 km
Middelvassføring 29,5 /s
Munning Petsjora
Kart
Nordre Mylva
62°42′41″N 56°12′20″E / 62.71138889°N 56.20555556°E / 62.71138889; 56.20555556

Ho er 213 km lang og har eit nedslagsfelt på 5970 km². 20 km frå munningen har ho ei middelvassføring på 29,5 m³/s. Ho frys til i andre halvdel av oktober eller i november og vert isfri att i månadsskiftet april-mai.

Dei største sideelvane hennar er Rasiu, Njumylna, Soyva frå venstre og Ynat frå høgre.

Nordre Mylva har utspring i eit aude område nordaust for byen Ust-Nem. Ho flyt gjennom skog- og myrområde. Elva har fått namnet sitt for å skjelne ho frå Søndre Mylva som renn i same område, men sørover og høyrer til Nordre Dvina sitt nedslagsfelt.

Nordre Mylva renn ut i Petsjora ved landsbyen Troitsko-Petsjora.

Kjelder endre