Nordre Sandøy er ei øy i Hvaler kommune i Østfold. Øya ligg like ved riksgrensa til Sverige og nord for Søndre Sandøy.

Nordre Sandøy
Geografi
Stad Ytre Oslofjord
Koordinatar 59°01′36″N 11°05′11″E / 59.02667°N 11.08639°E / 59.02667; 11.08639
Øygruppe Hvaler

Areal 2,4 km²

Høgaste punkt 58 moh.
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Østfold

Øya har ingen biltrafikk og har som eit unntak frå resten av dei større Hvaler-øyane ingen kommersiell verksemd som kioskar eller butikkar. På 1900-talet låg det ein butikk på sørenden av øya ved dagens ferjebrygge, men den vart lagt ned grunna minkande fastbuande busetnad og raskare ferje- og båtsamband mellom øya og dei andre nærliggande øyane, inkludert Skjærhalden.

Nordre Sandøy var heim til ein god del familiar i ein fleire hundre år lang periode, men på grunn av Hvaler sin sterke nedgang i fiskeverksemd var det fleire som valde å flytte til fastlandet. Både tidlegare hus til fastbuande og eit mylder av nye hytter er no busett av sommargjester rundt om på øya.