Søndre Sandøy er ei øy i Hvaler kommune med sandstrender, sykkelvegar og mykje skog. Naboøya Nordre Sandøy ligg like nord for Søndre Sandøy og begge ligg like ved riksgrensa til Sverige.

Søndre Sandøy
Gravingsund
Gravingsund
Geografi
Stad Ytre Oslofjord
Koordinatar 58°59′49″N 11°04′51″E / 58.99694°N 11.08083°E / 58.99694; 11.08083
Øygruppe Hvaler

Areal 4,2 km²

Høgaste punkt Skjelleren (44 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Østfold

Øya er i dag ei populær ferieøy med mange hytter, men det finst òg nokre fastbuande. Busetnaden er konsentret i to område (begge med ferjestopp) Nedgården og Gravingsund.

Historie endre

Øya vart truleg folkesett på 1500-talet og var ein særs aktiv stad under sildefisket. Ein kan framleis sjå restane av salteria. Ved Gravningsund (Buvika) var det tollstasjon i perioden 1892 - 1958. Ved folketeljinga i 1900 hadde øya 325 innbyggjarar. Tyskarane hadde ein base her under den andre verdskrigen.