Nordstrand stasjon
jarnbanestasjon på Østfoldbanen
59°51′48.91″N 10°47′7.51″E / 59.8635861°N 10.7854194°E
Nordstrand stasjon | |
Nordstrand stasjon i 2009 Foto: Jan-Tore Egge
| |
Stasjonsområde | |
---|---|
Stad | Nordstrand i Oslo |
Distanse | 5,95 km frå Oslo Sentralstasjon[1] |
Høgd | 39,8[1] moh. |
Opna | 31. mai 1880[2] |
Arkitekt | Paul Due (1895) |
Linjer og rutedrift | |
Linje(r) | Østfoldbanen |
Operatør(ar) | NSB |
Overgang | |
Nordstrand stasjon er ein jarnbanestasjon på Østfoldbanen på Nordstrand i Oslo. Han opna som haldeplass i 1880, rundt 1891 blei han oppgradert til stoppestad og rundt 1900 fekk han status som stasjon. Frå 1970 har Nordstrand status som haldeplass att. Nordstrand er stoppestad på NSB sitt lokaltog L2 mellom Stabekk og Ski. Frå Nordstrand stasjon til Oslo S er det 5,95 km.
Stasjonsbygninga er frå 1895 og er teikna av Paul Due.[3]
Stasjonen var åstad for Nordstrand-ulukka 3. oktober 1993 da eit skiftelokomotiv med bremsesvikt raste nedover linja frå Rosenholm haldeplass inntil det kolliderte med eit lokaltog. Fem passasjerar omkom i ulukka.[4]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Nordstrand». Bane NOR. Henta 26. september 2017.
- ↑ «Nordstrand». Stasjonsdatabasen (STDB) / Norsk Jernbaneklubb. Henta 26. september 2017.
- ↑ Knut Are Tvedt, red. (2010). «Nordstrand stasjon». Oslo byleksikon. Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 394. ISBN 978-82-573-1760-7.
- ↑ Snorre Sklet (2008). «Storulykker i Norge de siste 20 årene» (PDF). Sikkerhetsdagene Midt-Norge. Arkivert frå originalen (PDF) 27. februar 2008. Henta 26. september 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Nordstrand stasjon» frå Wikipedia på bokmål, den 26. september 2017, revisjon 17606013