Nordterritoriet

Nordterritoriet (engelsk Northern Territory) er eit føderalt territorium i Australia. Hovudstaden er Darwin, arealet er 1 420 968 km² og folketalet 207 700 (2006). Nordterritoriet har i praksis om lag like stort sjølvstyre som delstatane i Australia, men har ikkje formelt status som delstat, og er dermed meir direkte underlagt sentralregjeringa. Det har lågare folketal og lågare folketettleik enn alle dei australske delstatane. Over ein fjerdedel av ibuarane er aboriginar, dette er ein mykje større del enn i andre område i Australia.

Northern Territory
føderalt territorium
Uluru, helicopter view, cropped.jpg
Flagg
Land Flag of Australia.svg Australia
Del av Australia
Hovudstad Darwin
Folketal 207 700
Folketettleik 0,15 / km²
Grunnlagd 1911

Nordterritoriet
20° S 133° E
Northern Territory locator-MJC.png
Wikimedia Commons: Northern Territory
Nettstad: www.nt.gov.au
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.