Noregs fyrste frimerke

Noregs fyrste frimerke vart gjeve ut 1. januar 1855. Samstundes vart det innført einingsporto på 4 skilling innanfor landegrensene. Motivet var Det norske riksvåpenet utan namnet Noreg. Frimerket var teikna av Nils Andreas Harbou Zarbell. Det er utagga. Frimerket kom i eit opplag på 2 018 200, i ark på 200 merke (oppdelt i 4 felt a 50). Vassmerket er ei løve med olavsbile.

Noregs første frimerke

Eit frimerke på arket har fått ein feil på den eine av løveføtene. Dette merket har oppnådd høg pris på frimerkeauksjonar.

Kjelder endre

Litteratur endre