Opna hovudmenyen
Namnet «Noreg» brukt i Noregs Saga utgjeve i 1862.
Frimerke med bilete av Riksforsamlinga på Eidsvoll og namnet «Norge» frå 1914.

Namnet Noreg har røter i namn som er bruka om dei vestlege delane av det som i dag er Kongeriket Noreg frå før rikssamlinga. «Noreg» er den nynorske forma av namnet, medan bokmålsforma er «Norge».[1]

Namnet i dei eldste kjeldeneEndra

Namnet Noreg er kjent som eit namn på eit landområde i skriftlege kjelder frå 800-talet:[1]

  • I kong Alfreds gammalengelske omsetjing av reiseskildringa til Ottar frå Hålogaland, datert rundt 880, er landet kalla «Norðweg» og «norðmanna land».[1]
  • I ein fransk krønike frå rundt 900 er landet kalla «Nort(h)wegia» og «Norwegia».[1]

Kring 890 fortalde Ottar frå Hålogaland til kong Alfred at heimlandet hans var «Norðmanna land» (nordmennenes land) og sikta då til det langsmale kystlandet frå Hålogaland til Agder. Ottar brukte også namnet «Norðweg» (nordvegen). Ottar budde «lengst nord av alle nordmenn» i følgje han sjølv.[2] Ottar identifiserte samane ved den nomadiske livsstilen deira, medan han identifiserte danskar politisk. I følgje Ottar dominerte danskar Skagerrak og Kattegat, medan nordmenn levde langs kysten av Nordsjøen og Atlanterhavet med samband til øyane i Nord-Atlanteren.[3]

Skiljet mellom «nordmenn» og «austmenn» var truleg etablert allereie tidleg i vikingtid. Harald Hårfagre vart kalla krigarhøvding over nordmennene og herre over austmennene. Delvis i strid med faktisk himmelretning var det vanleg å seie at områda frå Agder (Lindesnes) til Hålogaland låg «nord i landet». Denne bruken av ordet nordmenn om dei som held til vest for vasskiljet heng igjen i gamle namn som nordmannsslepa på Hardangervidda. Først kring 1750-1800 vart det vanleg å omtala Vestlandet som ein eigen landsdel.[2]

I nordisk språk er namnet skriftleg dokumentert attende til 980, då det vart bruka på Jellingsteinen i Jylland. I akkusativ er namnet der «NURUIAK», det vil seie «Norvegh». Sisteleddet i namnet er i nominativ «vegr», dvs 'veg'. Førsteleddet er truleg «norðr» 'nord', slik at namnet tyder nordvegen, det vil seie landet mot nord, og namnet må i så fall ha vorte gjeve av gøtar eller danar, nabofolka i sør.[4]

Utviklinga av namnet i norskEndra

Kulisteinen frå Smøla inneheld den eldste bruken av namnet Noreg på norsk jord.[5] Innskrifta på runesteinen seier truleg «tualf * uintr * ha(f)(þ)i : (k)r(i)(s)(t)(i)(n)*(t)umr : (u)iri(t) * (i) n(u)riki»,[6] eller på standardisert norrønt «twelf vintr hafði kristendómr um rétt i Nóregi».[7]

I dei eldste norrøne handskriftene er namnet skrive både med og utan utan v: «Noreg(h)r» eller «Norveg(h)r». Uttalen var Noregr i nominativ, Noreg(e)s i genitiv, Noregi i dativ og Noreg i akkusativ.

For å lette uttalen av genitivforma «Noreghs» vart namnet alt før 1300 uttalt med ein svarabhaktivokal e eller i mellom stammen og bøyingsendinga: «Noreghes» eller «Noreghis». Namnet vart sidan trekt saman, slik at nominativforma vart «Noreg(h)e», «Norig(h)e», «Norg(h)e», «Norie».

Mot slutten av mellomalderen vart skrivemåten 'Noreg(h)' sjeldnare, i staden overtok 'Norg(h)e', spesielt i brev skrive på svensk eller dansk.

I 1834 skreiv professor H.I.L.N. Steenbuch frå Trøndelag i Morgenbladet: «Vaar norske Almue, forsaavidt den har bestaaet Kampen med Præster, Skoleholdere og Skolebøger, kalder dog deres Land enten Noreg eller Norri.»

Historikaren P.A. Munch skreiv i ein svensk artikkel i 1849: «Norska folket själft säger alltid Norig eller Noreg».[8]

I dag er Norge med hard g-uttale vanleg så å seie i heile landet.

Namnet i norske dialektarEndra

I norske dialektar er det tradsjonelt bruka ulike former av namnet. Forma 'Noreg' har i noko utstrekning vore bruka i delar av Telemark og Aust-Agder. Forma 'Norig' har vore bruka i ein del bygdemål i Vest-Agder Forma 'Nåri' har vore bruka langs kysten frå Ryfylke til Oslofjorden og, med einstavings tonelag, i austlandske fjellbygder i Trøndelag. Forma 'Nårje', 'Norge', oftast med tostavings tonelag, har opp mot vår tid vore den vanlegaste i dialektane.

Namnet i nynorskEndra

Ivar Aasen foreslo namneforma 'Norig', og denne skrivemåten var lenge mest brukt i landsmål. I Norsk Ordbog (1850) skreiv han om namnet 'Norig': «Heder ogsaa Norgje (Norje). Den sidste Form (som egentligt er Dativet af den første), er maaske mest brugelig.» Lars Eskeland førte i si Hjelpebok i Norsk rettskriving (1895) opp både 'Norig', 'Noreg' og 'Norge'.[9] I utgåva frå 1898 skreiv han: «Norge er dativ av Noreg (lyder mest Norje), og det er soleis ei god form».

I 1917 blei 'Norig' og 'Norge' sidestilte i landsmål. I 1938 vart 'Noreg' eineform i nynorsk.

Namnet i andre språkEndra

Namnet «Noreg» vert òg bruka slik i færøysk og i kunstspråket lojban.

På fransk, som er det offisielle språket i Verdspostforeininga, er namnet Norvège.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Schulte, Michael; Jahr, Ernst Håkon; Gundersen, Dag (14. mai 2018). «Norge og Noreg – etymologi». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. 2,0 2,1 Helle, Knut (2006): «Ei soge om Vestlandet». Kapittel 1, band 1, i Vestlandets historie. Bergen: Fagbokforlaget.
  3. Orning, Hans Jacob: En vestlandskonge? Klassekampen, 18. februar 2013.
  4. Heide, Eldar, 2017: «Noregr tyder nok vegen mot nord, likevel». Namn og nemne 2016. 13-37. Heide, Eldar, 2017: "Noreg - ein festbrems". Klassekampen 13.02.2017. 16-17.
  5. «NTNU Vitenskapsmuseet / Runeinnskrift på Kuli-steinen ved Kristiansund ca. år 1000». Norsk kulturråd. Henta 29. november 2014. 
  6. Project Samnordisk Runtextdatabas Svensk - Rundata for N 449.
  7. «Kulisteinen». NOMINASJON TIL NORGES DOKUMENTARV. kulturradet.no. 
  8. Magne Rommetveit (1974). «Kvifor NOREG på nynorsk?». Språknytt (2). 
  9. Lars Eskeland: Hjelpebok i norsk rettskriving (1895)