Opna hovudmenyen
Hovudbygget frå General Birchs gate
Noregs veterinærhøgskole sett frå Sognsveien

Veterinærhøgskulen , tidlegare Noregs veterinærhøgskole (NVH), blei oppretta i 1935 og utdannar veterinærar og dyrepleiarar og har ein omfattande forskingsaktivitet innanfor akvamedisin, mattryggleik, komparativ medisin og på sjukdommar, helse og dyrevelferd hjå pattedyr. Forskinga spelar ein sentral rolle som grunnlag for undervisinga og den faglege utviklinga.

Høgskulen driv ein omfattande doktorgradsutdanning, og tilbyr også to engelskspråklege, internasjonale masterstudium - eitt i mattryggleik og eitt i akvamedisin.

I 2014 blei NVH slått saman med Universitetet for miljø- og biovitenskap til éin institusjon under namnet Noregs miljø- og biovitskaplege universitet.[1]

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra

  1. Kai Einar Tilley, «NMBU opprettet i statsråd», lifesciences.no