Veterinærhøgskulen
(Omdirigert frå Noregs veterinærhøgskule)
Veterinærhøgskulen , tidlegare Noregs veterinærhøgskole (NVH), blei oppretta i 1935 og utdannar veterinærar og dyrepleiarar og har ein omfattande forskingsaktivitet innanfor akvamedisin, mattryggleik, komparativ medisin og på sjukdommar, helse og dyrevelferd hjå pattedyr. Forskinga spelar ein sentral rolle som grunnlag for undervisinga og den faglege utviklinga.
Høgskulen driv ein omfattande doktorgradsutdanning, og tilbyr også to engelskspråklege, internasjonale masterstudium - eitt i mattryggleik og eitt i akvamedisin.
I 2014 blei NVH slått saman med Universitetet for miljø- og biovitenskap til éin institusjon under namnet Noregs miljø- og biovitskaplege universitet.[1]
Bakgrunnsstoff
endre- Norges veterinærhøgskole 50 år : 1935-1985. Oslo, 1985. ISBN 82-991213-0-2
- «Norges veterinærhøgskole 60 år» I: Norsk veterinærtidsskrift 1995; nr. 4. (side 265-554)
- Norges veterinærhøgskole si heimeside
- Den norske veterinærforening
- Veterinærinstituttet
- Mattilsynet
- Veterinærmedisinsk Oppdragssenter AS (VESO)
- Veterinærkatalogen (legemiddel dyr)
Kjelder
endre- ↑ Kai Einar Tilley, «NMBU opprettet i statsråd», lifesciences.no