Norge og det nye EU

Norge og det nye EU er ei bok som er skriven av Åslaug Haga. Boka er meint som eit debattinnlegg som tek føre seg korleis eit EU-medlemskap vil påverke Noreg. Boka tek òg føre seg korleis EU opptrer som aktør i det internasjonale samfunnet og korleis EU-organisasjonen er bygd opp.

I boka hevdar Haga at EU er eit usosialt prosjekt med føderale ambisjonar. Ho er sterkt kritisk til sentraliseringa av makt i unionen, og viser til ein aukande folkeleg motstand mot unionsprosjektet i Europa.

Boka vart gjeven ut på forlaget N.W. Damm & Søn AS, og føreligg ikkje på nynorsk.

1. opplag (2005), ISBN 82-04-11638-1

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.