NorgesPatriotene
NorgesPatriotene (NP) er ein politisk organisasjon som vart stifta i 2007 av Øyvind Heian. Dei stilte til val ved stortingsvalet i 2009. Sjølv om dei profilerer seg som eit politisk parti, er dei berre registrert som «Forening/lag/innretning».[1]
NorgesPatriotene | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Partileiar(ar) | Øyvind Heian | ||
Grunnleggjarar | Øyvind Heian | ||
Grunnlagt | 20. mars 2007 | ||
Nedlagt | 17. september 2009 | ||
Ideologi | nasjonalisme |
Partiprogrammet til Norgespatriotene har berre ein post: Å stoppe innvandringa. Anna politikk er i deira auge irrelevant no. Dei påstår at etniske nordmenn er i ferd med å verte i mindretal i eiga land. Dei vil difor jobba aktivt for å stanse all innvandring til Noreg og sende heim innvandrarar i dei tilfelle der det er mogleg. Spesielt kritiske er dei til den muslimske innvandringa.[2]
NorgesPatriotene kom tidleg i media sitt søkelys grunna partiformann Heian si tidlegare tilknyting til den nasjonalsosialistiske organisasjonen Vigrid, og at han er dømd for blant anna å koma med drapstruslar mot dåverande justisminister Knut Storberget.[3][4] Øyvind Heian er også meld til politiet for rasistiske ytringar.[5] Partiet fekk også mykje merksemd i media for utdeling av flygeblad som vart oppfatta som støytande.[6][7]
Nasjonaldemokratene slo seg saman med NorgesPatriotene i 2007.
Fotnotar
endre- ↑ «Nøkkelopplysningar frå Enhetsregisteret». brreg. Henta 19. juli 2007.
- ↑ «NorgesPatriotenes politikk». NorgesPatriotene. Henta 19. juli 2007.[daud lenkje]
- ↑ Kjetil Sæter (27. mars 2007). «Anmelder Vigrid-medlem for drapstrusler». Aftenposten. Henta 19. juli 2007.
- ↑ Gry Elisabeth Veiby (18. juli 2007). «Fra Vigrid til Stortinget». TV 2. Henta 19. juli 2007.
- ↑ Elena Solberg (13. juli 2007). «- Det er patetisk». Drammens Tidende. Henta 19. juli 2007.[daud lenkje]
- ↑ Erlend Malmo (5. juli 2007). «- Jeg er sjokkert!». Namdalsavisa. Arkivert frå originalen 27. september 2007. Henta 19. juli 2007.
- ↑ «Mer nasjonalisme i Øvre Eiker». Bygdeposten. 13. juli 2007. Henta 19. juli 2007.