Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag
Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag, forkorta NKSS og ofte berre kalla Laget, er ein kristen ungdomsorganisasjon som driv arbeid på skular og studiestader i heile landet. Den blei skipa i 1924 av mellom anna Carl Fredrik Wisløff og Ole Hallesby i samband med den lange og pågåande kyrkjestriden. NKSS høyrte til den meir konservative og pietistiske fløya av Norges kristelige studentforbund, men braut ut fordi forbundet hella mot liberal teologi.

I Noreg er det om lag 165 registrerte skulelag på ungdomsskular, vidaregåande skular og høgskular, med til saman ca 5000 medlemmer. Generalsekretær er Tor Erling Fagermoen. Laget sin visjon er å gjere Jesus kjend på skular og studiestader, under parolen: «så Han blir trodd, elsket og etterfulgt». Laget er også ein del av den internasjonale lagsrørsla International Fellowship of Evangelical Students (IFES)
Lagsrørsla sitt litteraturarbeid endre
Laget har gitt ut Credo Studentmagasin frå 1933. Same året blei også Credo Forlag etablert.
Bakgrunnsstoff endre
- Vidar Kristensen: Lagsfolk - Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag 1924 - 1994