Norsk Fjordhestgard

Norsk Fjordhestgard er eit aktivitetssenter for bruk av fjordhestBreim i Gloppen kommune. Garden vart etablert i 1988 og er driven av ei stifting som dei lokale bondelaga, fjordhestlag, kommunane Gloppen og Stryn står attom, i tillegg til andre organisasjonar i Gloppen kommune. Fjordhestgarden tilbyr ridetimar, rideleirar og kurs i stell av hest. Garden er også regional avlstasjon for fjordhestlaget i Nordfjord.

Norsk Fjordhestgard har eit anlegg med 27 stallplassar, grusbane (250 x 65 meter), ridebane (40 x 25 meter) og ridehall (65 x 25 meter). Til fjordhestgarden høyrer 70 mål innmark, 100 mål utmark og 2-3 kilometer skogsvegar. I tillegg er det bygd ein maratonbane med to faste og to flyttbare hinder. Garden er også lagt til rette for personar med ulike funksjonshemmingar.

Norsk Fjordhestgard er ein vanleg arena for ulike arrangement med riding av fjordhest. Området er også arena for den årlege countryfestivalen «Norsk Country Treff».

Kjelde

endre

Bakgrunnsstoff

endre