Norsk Forstmannsforening

Norsk Forstmannsforening er ei fagforeining for skogbrukarar med utdanning frå universitet eller høgskole, stifta 2. mars 1898 under namnet Den norske Forstmannsforening.

Foreninga organiserte frå starten forstkandidatar, det vil seie folk med skogbruksutdanning frå Norges landbrukshøgskole, tilsette i det statlege skogvesenet. I 1902 vart foreininga opna for privat tilsette.

I 1969 gjekk forstmannsforeninga inn i Norsk landbruksakademikerforbund, som i 1986 skifta namn til Norsk naturforvalterforbund, seinare Naturviterne. Forstmannsforninga heldt ei tid fram som eit fagleg nettverk for skogbrukarar organiserte i Naturviterne.